Lunsjseminar Ørsta: Miljøkriterier i offentlege anskaffingar
Frå og med 1. januar 2024 vedtok regjeringa nye krav til vekting av klima og miljø i offentlege anskaffingar. Regelen, som betyr at omsyn til klima og miljø skal vektast med minst 30 prosent, gjer at leverandørar må forvente at tilboda deira vil bli målt på miljø oftare enn tidlegare.
INNHALD
- Oversikt over det nye regelverket
- Kva må en vere bevisst på ved utforming av tildelingskriterium?
- Gjennomgang av eksempel på kriterium som kan nyttast.
- Unntaka: Kor tid kan miljøkrav droppast, evt. ivaretakast i kravspesifikasjonen?
- Spørsmål og diskusjon
Gjennomgang av det nye regelverket vert halde av advokatfullmektig i Asplan Viak, Linn Hilde Haukeberg. Linn er utdanna jurist og har brei erfaring, med særleg fordjuping i fagområda plan- og bygningsrett, anskaffingar og kontrakt.
PÅMELDING
Meld deg på i påmeldingsfeltet nedanfor. Det vert enkel lunsjservering under møtet så vi må ha påmelding innan 15.3 for å få ei oversikt over kor mange som ønskjer å kome og kor stort møterom vi må leige. Ønskjer difor at de melder frå om kor mange som eventuelt kjem frå dykkar organisasjon under «Eventuelle kommentarar» Ved fleire påmeldte enn plassar vil vi prioritere dei tre først påmeldte frå kvar organisasjon. Dette vil det eventuelt verte gjeve beskjed om.
Kontakt
Informasjon
Sted
Påmelding
Påmelding for arrangementet er utløpt