Nyhet 15.11.18

Lastebiltrafikken mellom Aust- og Vestlandet aukar - stikk imot målsettinga i Nasjonal transportplan

Vegtransporten aukar meir enn bane- og sjøtransporten. Dei siste sju åra har lastebiltransporten hatt ei auke på 100 000 turar. Foto: Shutterstock
Vegtransporten aukar meir enn bane- og sjøtransporten. Dei siste sju åra har lastebiltransporten hatt ei auke på 100 000 turar. Foto: Shutterstock

Dette viser Vestlandsrapporten, som Asplan Viak og NORCE har utarbeida på vegne av Statens vegvesen.

 

Rapporten er laga på grunnlag av den største godskartlegginga som nokosinne er gjort her til lands. Her kjem det fram at det er lastebilane som står for heile veksten i godsvolumet til Vestlandet, med ei auke på 100 000 turar på sju år. I transporten på bane og sjø har det omtrent ikkje vore noko vekst. Dette er stikk i strid med måla i Nasjonal transportplan om ein meir effektiv og miljøvenleg godstransport, som inneber meir gods over frå veg til sjø- og banetransport.    - Om eg skal trekke frem ei enkeltårsak, så er det utviklinga som har skjedd over lang tid med mindre lagerhold lokalt på Vestlandet, og bygging av store sentrallagre på Austlandet seier seniorrådgivar Øyvind Sundfjord, som er oppdragsleiar i Asplan Viak.   Dette har ført til at «lageret er på vegen», og det har gitt auka etterspørsel etter transport med kort framføringsledetid, god punktlegheit og regularitet. - Det vil altså seie at vegtransporten aukar meir enn bane- og sjøtransporten.  

Kvalitet styrer val av transportform​

Som eit ledd i undersøkinga utførte Asplan Viak ei rekke dybdeintervju for å få svar på kva det er som bestemmer val av transportform.  - Vi hadde 25 dybdeintervju med sentrale aktørar i bransjen, og svaret var ganske eintydig: Kvalitet styrer val av transportform, deretter pris, seier Sundfjord.

Det viktigaste for val av transportform er framføringstid (herunder regularitet), fleksibilitet og framføringssikkerhet. I tillegg spelar pris inn, men pris er underordna behovet for å få levert godset til rett tid.

Til saman blei 13.000 intervju gjennomført i løpet av 48 timar under tidenes største kartlegging av godstransport. Foto: Asplan Viak
Til saman blei 13.000 intervju gjennomført i løpet av 48 timar under tidenes største kartlegging av godstransport. Foto: Asplan Viak
Del artikkel

Relatert innhold

Trafikkanalyse Stor-Økern
Publikasjoner og rapporter

Trafikkanalyse Stor-Økern

Les mer
Bærekraftsrapportering
Tjeneste

Bærekraftsrapportering

Les mer
Asplan Viak har utviklet et gratis verktøy som alle by- og stedsutviklere kan bruke for å styrke sosial bærekraft i sine prosjekter. Illustrasjon: Asplan Viak.
Nyhet

Asplan Viak lanserer nytt verktøy som styrker sosial bærekraft i by- og stedsutvikling

Les mer
Illustrasjon: Asplan Viak
Nyhet

Asplan Viak lager levekårsundersøkelser for norske kommuner

Les mer