Nytt fengsel på Haugalandet
Eit nytt fengsel på Haugalandet må tene heile regionen. For å gjere det må ein sjå etter ei lokalisering som gjer at flest mogleg kan vitja fengselet lettast mogleg.
EKRENE – MIDT I REGIONEN
Ekrene ligg tett opptil det geografiske sentrum med kortast gjennomsnittleg reisetid og analysen “gjennomsnittleg reisetid frå alle innbyggjarane i heile regionen” (Fig. 2) viser at Ekrene er ideell til føremålet.
ILLUSTRATIVT ROMPROGRAM
Teikninga (illustrasjon 1) viser at det er mogleg å utvikle eit godt og moderne fengsel her. Topografi og natur er eigna til føremålet og storleiken til tomten gjer utvidingar av fengselet mogeleg. Murane som er vist er tilpassa tomten si topografi, og naudsynte sikkerhetssoner er vist i illustrasjonen. Me er sikre på at Ekrene tilfredsstiller alle ynskjer departementet har kring eit nytt fengsel, og at Ekrene derfor er eit rett val for lokasjon av eit nytt felles fengsel mellom Stavanger og Bergen.
TOMTEN
- Ligg sentralt plassert ved Fv47
- 220 daa
- Avsett til offentleg føremål
- Skjerma iht anna bygnad
- Småkupert – treng ikkje store inngrep
STORLEIK
- Skissert for 100 innsette
- Kompakt fengsel (jamfør Statsbygg sine retningslinjer) – 9300 m2 bygg
- Areal innanfor murane 74 daa
- Moglegheit for ei større utviding av fengselet
INFRASTRUKTUR
- Buss ved Fv47
- Ligg ved Fv47 nær E39 og E134
- Ligg nær flyplassar
- Enkelt å knytte til eksisterande vannavløp- og fiberanlegg
ØKONOMI
- Lett å legga inn i landskapet utan store inngrep og kostnadar
- Lyngheilandskapet gjev lav grad av skjøtsel – betre driftsøkonomi
- Eksisterande infrastruktur og reguleringsføremål etter gjenomføringa