Stovibekken
Gjenåpning av Stovibekken
Økologisk restaurering og utforming av eit meanderande bekkeløp på naturen sine eigne premissar
Asplan Viak har utarbeidd eit skisseprosjekt med kostnadsoverslag for opning av Stovibekken under Ringeriksvegen, gjennom eit eksisterande næringsområde og fram til den møter Isielva.
Økologisk restaurering
Økologisk restaurering handlar om å gjenskape bekken til det som ville vore naturleg for området. Desse prinsippa er lagt til grunn i utforminga og i val av løysingar. Den meanderande utforminga vil skape livsmiljø for ei rekkje organismar både over og under vatn. Biologisk mangfald og bekken sin funksjon som leveområder for fisk er prioritert. Området vil difor framstå som eit naturprega område som er relativt uframkomeleg for menneske utanfor dei planlagde stiane. Bekken vil bli om lag 135 meter lang.
Flaumresduserande tiltak
Gjenopninga er positiv for flaum både i bekken og i tilstøtande elv. Eit breidt tverrsnitt saman med nedgravd, tilbaketrukken erosjonssikring, ivaretek flaum. Det er utført flaumberekning og hydrauliske berekningar for å sikre at tverrsnittet kan handtere ein 200- års flaum. Terrengbehandling, elvegrus, substrat, store steinar, trerøter saman med midlertidig erosjonssikring legg til rette for at bekken naturleg kan erodera, transportera og avsetja massar. Slik vil bekken endrast og formast over tid, på naturen sine premissar.