Oppgradering av tre leikeplassar i Drammen

Gjenbruk og reparasjon bør vere førstevalet i alle prosjekt for å spara ressursar og møte klima- og miljøkrisa. På tre leikeplassar i Drammen kommune, vart sirkulær materialbruk gjennomført i praksis, og genererte totalt meir valuta for pengane i form av auka leik, opphald og aktivitet.

Ei stram økonomisk ramme, kort tidsfrist og mest mogleg leik og aktivitet var bestillinga frå Drammen kommune. Som tilsvar utfordra me oppdragsgivar på ombruk av stein/materialar og reparasjon av leikeplassutstyr. Kommunen var umiddelbart positive. Me fekk tilgond til kommunen sitt skattkammer; materiallageret på Muusøya, der me kunne bruke så mykje stein og andre element me ville. Ombruksstein er i hovudsak brukt som kanting rundt leikebasseng, med supplement av fleire særeigne granittsteinar som sitjeelement. Nokre stauder er donert frå eit anna prosjekt. Saman med reparasjon av dei fleste leikeapparata, har dei tre leikeplassane i Gulskogen, Svelvik og Mjøndalen fått eit estetisk løft og mykje leik og aktivitet for pengane.

Ryghgata i Mjøndalen:

Mjøndalen leikeplass gjennomgår størst forandring. To terrengformer og nye stiar bind området saman og legg til rette for variert leik. Fleire leikeapparat reparerast og samlast i felles sandbasseng med kanting i ombrukt stein. I tillegg tilførast området fleire, og varierte sitjemoglegheitar i naturstein frå kommunen sitt materiallager. 

Nedre Brentåsvei i Svelvik:

Leikeplassen i Svelvik ligg inne i ein flott furuskog med blåbær- og lyngvegetasjon. Me har spelt vidare på dei stadlege kvalitetane, og i hovudsak reparert leikeapparat, fylt på med fallsand og grus i tillegg til at enkelte område er revegetert.

Veslebakken/Tårnvegen på Gulskogen:

Med enkle grep har leikeplassen på Gulskogen fått eit løft; reparasjon av leikeapparat, tydeleg innramming av leikebassenga i ombrukt stein og supplement av ombrukte steinar som sitjeelement.

Kompetanseområder Landskapsarkitektur
Leveranse Detaljprosjektering, kostnadsestimat og enkel funksjonsbeskrivelse.
Oppdragsgiver Drammen kommune
Tidsrom August 2022 – desember 2022
Ryghgata leikeplass Foto: Ragnhild Nessa
Ryghgata leikeplass Foto: Ragnhild Nessa
Sitjeelementane på Ryghgata leikeplass Foto: Ragnhild Nessa
Sitjeelementane på Ryghgata leikeplass Foto: Ragnhild Nessa
Ryghgata i Mjøndalen. Illustrasjon: Asplan Viak
Ryghgata i Mjøndalen. Illustrasjon: Asplan Viak
Steinane vist over skal få sitjeflate i trebelegg. Bildet viser steinane på materiallageret på Muusøya. Foto: Ragnhild Nessa
Steinane vist over skal få sitjeflate i trebelegg. Bildet viser steinane på materiallageret på Muusøya. Foto: Ragnhild Nessa
Her er steinane plassert på leikeplassen i Veslebakken/Tårnveien i Gulskogen. Foto: Per Nicholas Barth
Her er steinane plassert på leikeplassen i Veslebakken/Tårnveien i Gulskogen. Foto: Per Nicholas Barth
Veslebakken/Tårnvegen på Gulskogen. Illustrasjon: Asplan Viak
Veslebakken/Tårnvegen på Gulskogen. Illustrasjon: Asplan Viak
Steinane over skal brukas til kanting på leikeplassen på Gulskogen. Bildet viser steinane på materiallageret på Muusøya. Foto: Ragnhild Nessa
Steinane over skal brukas til kanting på leikeplassen på Gulskogen. Bildet viser steinane på materiallageret på Muusøya. Foto: Ragnhild Nessa
Her har husketatviet på Gulskogen fått ny kanting i gjenbruksstein. Den fungerer også som sitjekant. Foto: Per Nicholas Barth
Her har husketatviet på Gulskogen fått ny kanting i gjenbruksstein. Den fungerer også som sitjekant. Foto: Per Nicholas Barth
Nedre Brentåsvei i Svelvik. Illustrasjon: Asplan Viak
Nedre Brentåsvei i Svelvik. Illustrasjon: Asplan Viak

Relatert innhold

Karen Skaali i Digitale tjenester i Asplan Viak håper Delio vil bli et nyttig verktøy for alle som skal gjøre en ombrukskartlegging. - Målet vårt har hele tiden vært å gjøre dette enkelt og intuitivt for brukeren, sier Skaali. Foto: Birgit Fostervold
Nyhet

Skal gjøre ombruk enklere

Les mer
Tiller Videregående skole
Prosjekt

Tiller Videregående skole

Les mer
Utsiktspunkt Arboretet
Prosjekt

Utsiktspunkt Arboretet

Les mer